Me er stolte av å ha Fresvik Produkt som ein av kundane våre. Dei ynskte to videoar, ein informasjonsvideo og ein monteringsvideo.
Informasjonsvideoen gir eit innblikk i bedrifta, kven dei er og kva dei kan levere. Målet med videoen vår å formidle denne informasjonen på ein enkel måte. Om du ikkje har høyrt om Fresvik Produkt før, så produserer dei skreddarsydde kjøle og fryserom.
I denne videoen brukte me ei forteljarstemme, eller VoiceOver, mellom intervjua. Jens Brekke las inn voiceover. Me er opptekne av å bruke lokale krefter, difor tykte me at Jens var midt i blinken! Han er ein dyktig mann med ei god stemme! Informasjonen i videoen kan vere litt vanskeleg og tung, difor valde me å formidle dette med VoiceOver. Det gjer det lettare å forstå, samtidig som ein fortel ei historie.
Det har vore ei glede å samarbeide med Cecilie & Christian, då dei er iderike, dyktige og nøyaktige. Dei har vore lydhøyre for våre ønskjer, og resultatet har vorte slik vi forventa. Vi vil gjerne anbefale dei til liknande oppdrag.
Gyda Bøtun, adm.dir Fresvik Produkt
Video nummer 2 var ein monteringsvideo. Kunden vår ville at videoen skulle vise kor enkelt det er å montere opp romma. Me føreslo at to tilsette synte fram dette i praksis, og me må berre sei at Arne Olav og Saulius gjorde ein utmerka jobb forran kamera! Me vart utruleg nøgd med oppsettet her. Me gjekk for ein mørkare fargestil, med stemningsfull lyssetting.


Sjekk ut videoane me laga for Fresvik Produkt!