4 GRUNNAR TIL Å VELJE VIDEO

Video er laga for å bli sett. 

Om du lurer på om video er eit verktøy du bør bruke i 2021, så har du komme til rett plass. 

Video gir deg fordeler, du ikkje vil finne andre stader. Å få inn video som ein del av markedsføringen din, gjer deg ikkje berre hip, men det gir deg fordeler som tekst eller bilete ikkje kan gi deg.


Stort publikum 

Ein viktig fordel, er at videoar kan nå ut til utruleg mange. Det er også større sjanse for at ein video blir delt, enn eit bilete. Videomarkedsføring gir deg tilgang til mange gratis plattformer som YouTube og Vimeo. Det er lett for folk å dele videoen din på nettsida si, legge ved videoen i ein mail, eller dele videoen på sosiale medier. Ein av kundane våre posta ein video på Facebook, levert av C&C, og videoen vart fort delt over 70 gonger! Dette er organisk trafikk på sitt beste!  


Skapar tillit 

Video er ein av dei beste måtane å få fram personlegheiten din på når du skal marknadsføre bedrifta di. Dette skapar tillit og du når ut til kundane dine på eit følelses nivå. Følelsar sel som varmt kveitebrød. Du har kanskje høyrt uttrykket, “people buy from people”. Ved å få fram personlegheiten din, vil kundane sjå at det er eit menneske bak, og ikkje berre ei kald bedrift. Slik blir du også hugsa lettare, og sjansen for å få fleire kundar aukar.  

 

SEO boost 

Søkemotorane elskar videoar! Søkemotorane ser etter innhold som er engasjerande, noko video absolutt er. Google prioriterer nettsider med video meir enn nettsider utan video. Med ein skikkeleg kvalitets-video på nettsida di, er også sjansen større for at folk bruker lengre tid på sida di. Dette gir god score hos Google.   


 

Enkelt servert 

Video gjer det mogleg å formidle tung informasjon i fleire bitar, slik at det lettare å forstå. Ein vil også hugse informasjonen betre. Rundt 75% kjøper eit produkt etter å ha sett ein video om det. Om du sel eit komplisert produkt, kan det vere lurt å forklare det på ein enkel måte gjennom video. 

Kontakt oss om du ynskjer video til di bedrift! 

Cecilie

TEKSTFORFATTEREN

Med fleire års erfaring som journalist, og utdanning i videomarkedsføring, er eg her for å skrive tekst til deg, om det er pressemelding, e-post, tekst til sosiale medium eller nettside. Eg stiller opp for deg, og gir deg tekst som sel og overbeviser målgruppa di. Eg er også historieforteljaren i bedrifta, og skriv manus til din video.

Når eg ikkje skriv tekst, jobbar eg med foto og redigering av både bilete og video

Christian

FOTOGRAFEN

Som kameramann, video-ansvarleg og fotograf, er eg klar for ein kvar situasjon du treng meg til. Mitt mål er å kunne gi deg eit visuelt fangande produkt som både sel og skapar oppmerksomheit.

Med eit kreativt auge kan eg visualisere dine idear. Har du problem med å komme på noko, så har eg garantert nokon idear på lager til deg.