Kvifor er innhald på nettside så viktig?

Ei nettside utan innhald er som eit tomt nøtteskall. 

Nettsida er ikkje av verdi utan godt innhald, og du blir heller aldri funnen på Google utan bra innhald. Når det er meir innhald å konsumere på nettsida di, som tekst, bilete og video, vil folk naturlegvis bruke lengre tid på sida di. Dette gir ein høg score hos Google. 


Du lurer kanskje på, kva er det som kjenneteiknar godt innhald?

Godt innhald formidlar bodskapet ditt, formidlar kunnskap, og overtaler besøkande til å kjøpe dine produkt eller tenester, framfor konkurrenten din. Høgkvalitets innhald er noko av det viktigaste nettsida di bør innehalde for å tiltrekke kundar, og for å skape interesse og engasjement rundt bedrifta di. 


Teksten bør vere enkel å lese og den bør vere engasjerande. God tekst overbeviser og gir meir sal.

Godt innhald bør også vere nyttig. Her kan det vere lurt å lære bort litt av kunnskapen din. Ein hagebutikk kan for eksempel skrive om korleis ein lukkast med planting i potter og krukker, eller korleis ein kan dyrke urter i eigen hage. Når du formidlar kunnskap som er relatert til bedrifta di, gir du ein verdi. Dette gjer bedrifta di meir truverdig, noko som igjen aukar salet. 

Gode kvalitets-bilete fangar merksemda til dei besøkande. Det gir også ein betre opplevelse, når sida er visuell fin. Bilete med høg oppløysing og rett størrelse vil få nettsida di til å sjå meir profesjonell ut. Unngå uklare bilete eller bilete som er for små i størrelse. Dette vil kun irritere dei som besøker nettsida di.   

Om det er meir innhald å konsumere som bilete, tekst og video, vil besøkande også brukte lengre tid inne på nettsida di. Dette gir deg ein høgare score hos Google – heilt gratis! 


Ynskjer du godt innhald til nettsida di, som er skreddarsydd for di bedrift?

Kontakt oss, så hjelper me deg med å legge ein god plan, slik at du får det beste innhaldet for bedrifta di.  

Cecilie

TEKSTFORFATTEREN

Med fleire års erfaring som journalist, og utdanning i videomarkedsføring, er eg her for å skrive tekst til deg, om det er pressemelding, e-post, tekst til sosiale medium eller nettside. Eg stiller opp for deg, og gir deg tekst som sel og overbeviser målgruppa di. Eg er også historieforteljaren i bedrifta, og skriv manus til din video.

Når eg ikkje skriv tekst, jobbar eg med foto og redigering av både bilete og video

Christian

FOTOGRAFEN

Som kameramann, video-ansvarleg og fotograf, er eg klar for ein kvar situasjon du treng meg til. Mitt mål er å kunne gi deg eit visuelt fangande produkt som både sel og skapar oppmerksomheit.

Med eit kreativt auge kan eg visualisere dine idear. Har du problem med å komme på noko, så har eg garantert nokon idear på lager til deg.